Frontrunner CMS
Frontrunner CMS

Andrea Modin Engesæth forstår utøvarar som slit med å få i seg nok energi: – Snakk om sjokomjølk etter trening

At idrettsutøvarar får i seg mindre energi enn dei treng (REDs) kan få store konsekvensar. Mellom- og langdistanseløper Andrea Modin Engesæth har sjølv kjent på utfordringane, og er glad for at det har kome nye retningslinjer for å førebygge.

– Det har jo heilt klart vore vanskeleg til tider. Når du er yngre så tenker du kanskje ikkje at det er så viktig, og har ikkje like bra vaner og rutiner på ting.

Andrea Modin Engesæth satsar hardt på løping og kan skilte med to NM-gull på 3000 meter hinder og i terrengløp.

Var vanskeleg på vidaregåande

22-åringen fortel i NIH-podden at ho nå føler at ho har fått til ein god balanse mellom toppidretten, kosthald, restitusjon og studia på NIH. 

Ho er ærleg på at det var vanskelegare da ho gjekk på vidaregåande.

– Det er jo ei tid som er prega av mykje stress, da kunne det vere utfordrande å få i seg nok. Men nå som eg har blitt eldre og vore gjennom ei periode der eg var litt dårleg på det, så ser eg at det er sånne ting ein ikkje skal tulle med. Det er viktig å ha sånne ting på plass, slik at ein kan få mest mogleg ut av treninga, seier løparen frå Sandefjord og legg til:

– Det kjem jo også eit liv etter karrieren, og på sikt vil ein kanskje ha barn. Da er det viktig at kroppen fungerer som den skal, seier Engesæth som går bachelor i Sport Management ved sidan av satsinga på friidretten.

– Når ein står i det sjølv, så er det kanskje lett å få litt tunnelsyn.

Retningslinjer for idretten

Energimangel er også kjent som REDs. Det er ein tilstand som rammar idrettsutøvarar som ikkje får i seg den energien dei treng over tid.

– Det er så enkelt som at du har ikkje nok energi til å vakse og utvikle deg, til å fungere optimalt, og ikkje minst til å få til det du ynskjer på trening og restituere deg slik at du er klar til neste økt, seier Jorunn Sundgot-Borgen. Ho har vore ein del av ekspertgruppa som IOC har laga om REDs.

Jorunn Sundgot-Borgen er professor ved Institutt for idrettsmedisinske fag på NIH og har forska mykje på eteforstyrringar blant idrettsutøvarar.

Ho er glad for at ein utøvar som Andrea fortel om korleis ho har opplevd utfordringane, og håpar alle utøvarar høyrer det ho fortel.

– Det er nettopp det ho seier, at det er ulike grunnar til at ein kjem i den situasjonen og får i seg for lite energi. Nokre kjem i ein slik situasjon utan at dei er klare over det. Dei har litt for lite tid, er ikkje så gode til å planlegge, og det er mykje som skjer elles i livet. Det er ganske enkelt å ta tak i den problematikken, meiner Sundgot-Borgen.

Jorunn Sundgot-Borgen er professor ved Institutt for idrettsmedisinske fag på NIH og har forska mykje på eteforstyrringar blant idrettsutøvarar. Foto: NIH.

Kan få alvorlege konsekvensar

For konsekvensane kan øydelegge ein idrettskarriere og også påverke livet etter.

– Viss dette her går over lang tid, så er det alvorlege konsekvensar. Da tenkjer me på ting som for eksempel går utover immunforsvaret ditt, det går utover beinhelsa og skjelettet ditt. Og det kan også gå utover moglegheita til å få barn.

Professor i idrettspsykologi Anne Marte Pensgaard har også vore med i ekspertgruppa. Ho er klar på at det kan vere vanskeleg å stoppe utøvarar som har stor motivasjon og vil gjere alt dei kan for å bli best.

– Nokre av desse fasane er ikkje sunne, iallfall ikkje over tid. Da må det vere vaksne, trygge folk rundt utøvarane til å ta avgjerder og stoppe når ting ikkje er bra. Det er eit stort ansvar, men det må ein vere villig til å ta når ein er i dei situasjonane, seier Pensgaard. 

Anne Marte Pensgaard har jobba mykje med mental trening blant dei beste utøvarane våre. Mellom anna fotball- og handballandslaga.

Ho legg vekt på at utøvarane må få god kunnskap og informasjon.

– Vi må vere gode til å heile tida utdanne og informere utøvarane så dei har moglegheit til å vurdere nokre situasjonar. Sjølv om dei ikkje nødvendigvis alltid klarer å ta det beste valet der og da, aleine. For det er nettopp det at dei tenkjer litt meir kortsiktig, og ikkje klarer å sjå dei langsiktige konsekvensane, fortel Pensgaard som i tillegg til å vere professor på NIH, også jobbar med topputøvarar på Olympiatoppen.

Kan ha REDs utan å ha ei eteforstyrring

Det at ein kan få positiv effekt ved å gå i ned vekt i nokre idrettar, kan vere ei stor utfordring, meiner ho.

– Kanskje får ein ei auke i prestasjonen på starten av ei slik ferd. Og i tillegg positive tilbakemeldingar på kropp og utsjånad. Det kan vere vanskeleg å endre på noko du har fått positiv feedback på, som du kanskje har lyst til å oppretthalde. Så det er absolutt komplekst, forklarer Pensgaard.

Anne Marte Pensgaard har jobba mykje med mental trening blant dei beste utøvarane våre. Mellom anna fotball- og handballandslaga. Foto: NIH.

Ekspertane understrekar at REDs ikkje er noko som berre råkar kvinnelege utøvarar. Sundgot-Borgen er kjent som ein av dei fremste ekspertane på eteforstyrringar. 

Det er skilnad mellom utøvarar som slit med relativ energimangel og eteforstyrringar.

– Det som er viktig å seie, er at du kan ha låg energitilgjengelegheit og REDs utan å ha ei eteforstyrring. Men mange av dei som har eteforstyrringar, vil også ha dette REDs-syndromet. Når det begynner å bli slik at det som betyr mest for deg er mat, kropp og vekt, og det er det som opptar deg 24 timar i døgnet. Og det også blir viktigare enn for eksempel å prestere i idretten. Da beveger du deg godt inn i det vi kallar forstyrra eteåtferd eller klinisk eteforstyrring, forklarer Sundgot-Borgen.

Snakk om sjokomjølk etter trening

Andrea Modin Engesæth råder deg som er trenar eller forelder til å tore å ta praten, sjølv om det temaet kan vere vanskeleg.

– Veldig mange synest det er vanskeleg å snakke om, kanskje spesielt mannlege trenarar. Men ein treng ikkje å tenke for stort på det. Det skal vere ei sjølvfølge at ein får i seg nok mat rett etter trening. Snakke om å få i seg sjokomjølk og ha gode rutinar. Som trenar og vaksen bør ein ta ekstra grep for dei yngre. For dei ser det kanskje ikkje sjølv, seier 22-åringen.

Høyr meir om kva råd professorane gjer deg som utøvar, trenar, lagkamerat og forelder i denne episoden av NIH-podden.

Artikkelen ble først publisert på nettsidene til Norges idrettshøgskole (NIH). Idrettspolitikk.no har inngått et samarbeid med NIH om publisering av artikler om forskning på høgskolen.

Les mer: Andrea Modin Engesæth forstår utøvarar som slit med å få i seg nok energi: – Snakk om sjokomjølk etter trening
Gjermund Erikstein-Midtbø
Norges idrettshøgskole (NIH)
- Annonse -

Related Articles

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Vennligst skriv inn din kommentar!
Vennligst skriv inn navnet ditt her

FØLG OSS

1,307FansLik
3,535FølgereFølg
- Annonse -spot_img

SISTE NYTT