Frontrunner Publishing
spot_img

Trening i puberteten: – Leik meir, og vent med kondisjonstrening

Barne- og ungdomsidretten bør ha mest fokus på idrettsspesifikk- og motorisk trening, meiner stipendiat Halvard Grendstad. Forskingsfunna hans om kondisjonstrening og pubertet har fått mykje merksemd.

- Annonse -

Har du fått med deg forskinga som viste at 12-åringar som trena tradisjonell intervalltrening over ein periode på åtte veker, ikkje forbetra kondisjonen meir enn dei som leika?

Da studien til stipendiat Halvard Grendstad blei kjent i haust, fekk den mykje merksemd på nih.noforskning.no og i mellom anna Aftenposten.

Østberg Amundsen: – Viktig å behalde leiken

Mange i idrettsmiljøet kommenterte at dei blei glade for å sjå at forsking viste at ein trygt kunne bevare leiken lengre i barne- ungdomsidretten.

Landslagsløparane i langrenn blei også engasjerte.

Mellom anna verdscupleiar og årets Tour de ski-vinnar, Harald Østberg Amundsen.

– Det er noko med å behalde leiken i idretten. Så lenge ein er i aktivitet, blir ein betre trent. Om du begynner med intervalltrening når du er 12, og gjer det to gonger i veka, kan du brenne lyset litt fort, sa han til Aftenposten.

Nå fortel Grendstad meir om funna, bakgrunnen for forskinga og nye funn om jenter i puberteten i NIH-podden.

– Funna våre tyder på at effekten av puberteten er større på kondisjonen enn det som kan gjerast gjennom trening i denne perioden, oppsummerer Grendstad.

Petter Rinde Øverland har mange år bak seg som ungdomstrenar for ivrige langrennsløparar i Oslo-klubben Koll.

Forskar Halvard Grendstad har fylgd tre grupper med 12-åringar av begge kjønn over åtte veker i oppkøyringa til ein ny vintersesong.
 (Foto: NIH)

To grupper fekk forskjellig opplegg

Forskar Halvard Grendstad forskar på vekst, modning og trening i puberteten ved Institutt for fysisk prestasjonsevne på NIH. 

I denne studien fylgde dei tre grupper med 12-åringar av begge kjønn over åtte veker i oppkøyringa til ein ny vintersesong. Oppkøyringa varer frå september til november. Totalt 59 deltakarar var med.

Langrennsløperane hadde fire treningsøkter i veka, men det var ein stor forskjell på kva dei gjorde på to av desse øktene:

  • Gruppe 1 hadde to intervalløkter med høg intensitet. Dette var tradisjonell langrennstrening i sesongoppkøyring med hovudvekt på motbakkeintervallar.
  • Gruppe 2 hadde leikbaserte aktivitetar på roleg intensitet og enkel styrketrening.
  • Gruppe 3 var ei kontrollgruppe med 12-åringar som ikkje dreiv med langrenn og var mindre aktive enn dei to andre gruppene.

Gruppe 2 fekk også instruksjonar på at dei heller ikkje fekk trene intervall eller anna trening med høg puls utanom fellesøktene med klubben. Alle løparane sin trening blei følgt tett i perioden. 

Før prosjektet starta og etter vekene med dei to forskjellige treningsopplegga var dei inne på NIH til testing av maksimalt oksygenopptak.

Resultata overraskar nok fleire enn langrennstrenaren i Koll.

– Det var ingen forskjell mellom dei tre gruppene. Endringane var heilt like, og dei aller fleste deltakarane såg ut til å auke sitt maksimale oksygenopptak. Einaste forskjellen me fann var at gruppa som trena intervallar, sprang litt lenger på mølla enn dei to andre gruppene, fortel Grendstad.

Foreldre var skeptiske

Grendstad meiner at desse funna kan gjere det lettare for både langrennsklubbar og andre idrettar å ta vare på ungdomane lenger. Spesielt i alderen 12–14 år der puberteten gir ein størst drahjelp i utviklinga av kapasiteten.

– I denne alderen treng ein ikkje vere så systematisk i tilnærminga til trening som mange kanskje tenkjer. Det er viktig å ta vare på leiken så lenge som mogleg, også i oppkøyringa til sesongen, seier Grendstad. 

Han fortel at mange stressar mykje med oppkøyring. Denne studien viser at det kan vere viktigare å bruke tid på å trene på teknikk, koordinasjon og styrke. 

– Til dømes kan ein forbetre prestasjonen på ski med å trene teknikk og koordinasjon, slik at ein kan gå betre og «billigare». Som ein også kan gjere med leikbaserte aktivitetar, meiner Grendstad.

Han fortel at fleire foreldre var svært skeptiske til at barna i den eine gruppa ikkje skulle få lov til å få høg puls på trening i prosjektperioden.

– Det ligg nok i botn hos mange at ein må trene intensivt for å bli betre. Vi skal ikkje seie at ein ikkje skal trene intervall i det heile tatt, men det viktigaste er å trene variert og allsidig, seier forskaren.

Han seier at ungdom i den alderen ikkje må trene som Klæbo og forbilda på landslaget gjer, i sesongoppkøyringa. Kroppen til ein 12-åring er heilt forskjellig frå vaksne. 

Fokuset på å forbetre kapasiteten treng ikkje å vere viktig i denne alderen.

Skremmande med profesjonalisering

Sjølv om han har forska på langrennsløparar, meiner han funna kan brukast generelt i dei fleste idrettar.

For eksempel meiner han at unge fotballspelarar ikkje treng å ha reine løpsøkter i tillegg til fotballtrening.

– Typisk kondisjonstrening kan vente. Me må ha fokus på idrettsspesifikk trening og motorisk trening i den alderen. Ny forsking støttar dette, seier Grendstad.

Mangeåring langrennstrenar Håkon Stuge Bånerud gjestar også episoden. Han er nå trenar og sportsleiar i Lyn Ski og har gjennom trenararbeid i klubbar som Heming, Koll og på NTG Lillehammer reflektert rundt at barne- og ungdomsidretten har blitt for tidleg profesjonalisert.

– Eg synest det er litt skremmande at ein ting skal vere altoppslukande i tidleg alder. Ta fotballen som eit eksempel. Inntrykket mitt er at mange trur og meiner at ein må trene fotball kvar dag heile året i ein alder av 12-13 år for å bli verdas beste på sikt. Eg tenkjer at allsidig trening er viktig, og at ein skal kunne drive fleire idrettar i den alderen.

Han trur vektlegging av leik og mindre hardtrening i ung alder, kan ha noko å seie for fråfallet.

– Det å rette langrennstreningar enda meir spesifikt mot å ha det gøy og oppleve meistring ville jo vore veldig ideelt.

Høyr meir om korleis funna kan overførast til andre idrettar, profesjonalisering og korleis Bånerud meiner skisporten kan lære av funna til Grendstad i siste episode av NIH-podden.

Artikkelen ble først publisert på nettsidene til Norges idrettshøgskole (NIH). Idrettspolitikk.no har inngått et samarbeid med NIH om publisering av artikler om forskning på høgskolen.

Gjermund Erikstein-Midtbø
Norges idrettshøgskole (NIH)

Related Articles

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Vennligst skriv inn din kommentar!
Vennligst skriv inn navnet ditt her

FØLG OSS

1,307FansLik
3,535FølgereFølg
- Annonse -spot_img

SISTE NYTT