Frontrunner Publishing
spot_img

– Eg snakka ikkje med dei om trening, likevel begynte dei å trene

Å få inaktive til å kjenne meistring og glede av aktivitet er ein stor utfordring for mange. Victoria Telle Hjellset meiner dei fleste kan oppleve det om endringa blir kommunisert på riktig måte.

- Annonse -

I over 20 år har Victoria Telle Hjellset forska på stress, meistring, trenings- og åtferdsendring.

Og ikkje minst kommunikasjonen frå fagfolka som skal formidle dette.

Må analysere som Warholm

I NIH-podden fortel ho om det viktigaste ho har tatt med seg frå mange vellykka forskningsarbeid. Og gir deg tips til korleis du kan lykkast med å kommunisere til dei du ynskjer skal oppnå glede, mestring og endring i livsstil og åtferd.

– Vi må jobbe med å skjønne kva slags ferdigheiter du treng i kommunikasjonen. Da må vi analysere kommunikasjonen på same måte som Karsten Warholm gjer det når han skal analysere korleis han kan bli litt betre på det han allereie er veldig god på. Vi må bryte det ned og øve på desse ferdigheitene, saman med brukaren, fortel Hjellset.

Victoria Telle Hjellset har doktorgrad i stress, meistring og åtferdsendring frå Institutt for helse og samfunn ved Medisinsk fakultet på Universitet i Oslo.

Fekk inaktive innvandrerkvinner til å trene

I doktorgraden sin forska ho på inaktive innvandrerkvinner som ikkje hadde noko erfaring med fysisk aktivitet. 

Dette var kvinner som hadde vore i Noreg i over 20 år, var overvektige og utan jobb.

– Da er det lett å tenke at desse kvinnene ikkje har noko grunn til å vere fornøgde med seg sjølv. Men dei var veldig fornøgde med seg sjølv som foreldre! Da var det vi snakka om for å bli kjent. I seks klokketimar snakka vi om det som gjer dei stolte, fortel Hjellset og legg til:

– Eg snakka ikkje med dei om trening, likevel begynte dei å trene.

Ho forklarar det med biologisk psykologi.

Det blei snakka om noko anna enn forventa. Kvinnene fekk snakka om noko dei kjenner meistring av, som gjorde at dei senka «guarden» og blei meir opne for kva helsemyndigheitene ville formidle. 

– Så sjølv om vi ikkje hadde snakka eit ord om det, så hadde dei begynt å lese anbefalingane frå helsemyndigheitene. Da vi målte dei etter tre års oppfylgjing, var det bere 11 av dei 480 kvinnene som var med, som ikkje møtte opp.

– Mange hadde begynt å trene intervalltrening 4×4 minutt, og gjekk opp både unnarenn i hoppbakkar og slalåmbakkar i Oslo, Trondheim, Tromsø og Bergen, fortel Hjellset.

Snakk om kva som gir dei glede

Forskaren tipsar deg som er i same situasjon til å bruke dei same metodane når du stiller spørsmål til menneska du jobbar med. 

– Eg har ikkje snakka eitt ord om trening. Det eg spurde dei om, er når dei kjenner på glede i livet. Da såg vi at etter at opplegget var over, gjekk dei ned i vekt, dei blei meir aktive og dei fekk jentene sine inn i idretten. Dei lærte seg norsk og begynte i jobb. Det var jo enorme resultater, seier Hjellset om studien. 

Høyr fleire historier og tips i NIH-podden.

Artikkelen ble først publisert på nettsidene til Norges idrettshøgskole (NIH). Idrettspolitikk.no har inngått et samarbeid med NIH om publisering av artikler om forskning på høgskolen.

Gjermund Erikstein-Midtbø
Norges idrettshøgskole (NIH)

Related Articles

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Vennligst skriv inn din kommentar!
Vennligst skriv inn navnet ditt her

FØLG OSS

1,307FansLik
3,535FølgereFølg
- Annonse -spot_img

SISTE NYTT