Frontrunner Publishing
spot_img

«Stolar ein blindt på at toppane tek dei rette avgjerdslene for klubbane?»

DEBATT: Det er eit stort engasjement for fotballen ute i kretsane, kvifor skal ein ikkje vere med der avgjerdslene blir tekne?

- Annonse -

På Forbundstinget 2024 forrige helg so var det 169 delegatar innmeldt. Av desse 42 digitale delegatar og 127 delegatar fysisk tilstades i tingsalen.

Ein krets so NFF Sogn og Fjordane deltok fysisk ved Kretsleiar Arve Helle. Sogndal Fotball var representert digitalt ved Jan Rune Årøy og Margrethe Svidal. Og Sogndal FK Damer var representert digitalt ved Rune Henjesand.

Altso kun 4 delegatar frå NFF Sogn og Fjordane med tale- og stemmerett.

Det er over 1700 potensielle delegatar til Forbundstinget. Altso under 10% påmeldt.

Korleis skal desse 4 delegatane frå NFF Sogn og Fjordane klare og påverke noko so helst so gagnar fotballen i Sogn og Fjordane?

Med 70 klubbar representert i vår krets, er det ikkje på høg tid at kretsen inkluderar klubbane i større grad, slik at motivasjonen for å stilla på Forbundstinget aukar betrakteleg?

Kan eit reisetilskot til klubbane frå kretsen vere aktuelt? Denne problemstillinga er sikkert høgst aktuell i mange av dei andre fotballkretsane me har i dette landet.

Stolar ein blindt på at toppane tek dei rette avgjerdslene for klubbane ute i kretsane.

Hugs at 1 delegat har 1 stemme. Kva kan ein gjere for og auka medlemsdemokratiet lokalt, men ikkje minst nasjonalt? Nokon so har gode svar her?

Vidar Vadseth
Medlem Sogndal Idrettslag Fotball og Saftkokaradn og styremedlem Norsk supporterallianse

Related Articles

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Vennligst skriv inn din kommentar!
Vennligst skriv inn navnet ditt her

FØLG OSS

1,307FansLik
3,535FølgereFølg
- Annonse -spot_img

SISTE NYTT